Personvernerklæring
1 Introduksjon
Ditt personvern er viktig for Meklarhuset Sogn AS og vi er opptatt av å verne om personopplysninganes integritet, tilgjengelegheit og konfidensialitet. All behandling av personopplysningar hjå Meklarhuset Sogn skal følge det til ein kvar tid gjeldande personvernregelverket, herunder GDPR og personopplysningsloven.
Denne personvernerklæringen gir utfyllande opplysningar om kva for personopplysningar som vert samla inn, korleis opplysningane vert samla inn og kva for rettigheiter du har dersom personopplysningar om deg er registrert hos oss.
2. Behandlingsansvarlig
Dagleg leiar i Meklarhuset Sogn er hovudansvarleg for behandling av personopplysningane som vert utfør av Meklarhuset Sogn. Ansvaret for den daglege oppfølginga av vår etterlevelse av personvernregelverket er delegert til.
2 Vår behandling av personopplysningar
Meklarhuset Sogn behandlar personopplysningar til følgjande hovudformål:
Behandling av personopplysningar for å oppfylle avtalar med kundar om å selje bustad
Behandling av personopplysningar for å marknadsføre bustader
Behandling av personopplysningar for å marknadsføre føretaket sine tenestar
Behandling av personopplysningar som ledd i eigedomsmeklingsføretakets kontrolltiltak
3 Kor lenge lagrar vi dine personopplysningar?
Personopplysningar vil ikkje bli lagra lenger enn det som er naudsynt for å oppfylle føremålet med behandlinga eller lovpålagde plikter vi har, til dømes pålegg eigedomsmeklingsforskrifta oss å oppbevare alle dokument som er mottatt eller utarbeida av føretaket i forbindelse med det enkelte oppdrag i ti år.
Videre vil vi slette personopplysningar om deg som dersom du ber oss om det, med mindre vi har ei lovpålagt plikt eller anna rettsleg grunnlag til å oppbevare personopplysningane vidare.
4 Informasjonskapslar
Meklarhuset bruker informasjonskapslar, også kalt cookies, på nettsidene. Cookies er standard Internett-teknologi som dei aller fleste nettstader bruker. Vi bruker dette for at nettsida skal fungere optimalt, for å analysere trafikken vår, for å tilby deg ei betre kundeoppleving neste gang du kjem til nettsida og for å levere tilpassa innhold og annonsar. Du kan når som helst endre innstillingar for cookies ved å gå til cookiebanneret. Vel du å avvise cookies, kan det vere at nettsida ikkje fungerer optimalt.
5 Bruk av informasjonskapslar på denne nettsida
Eigar: Squarespace Analytics, Google Analytics
Føremål: Samle informasjon om korleis besøkande bruker nettsida. Vi bruker denne informasjonen for å lage rapportar for å betre nettsida. Informasjonskapslane anonymiserer all informasjon. Dei seier noko om tal besøkande på nettsida, kvar dei kjem frå og kva sider dei besøker.
6 Kor vert dine personopplysninger lagra?
Personopplysningar som vert behandla av Meklarhuset Sogn vert lagra på servarar i Norge. Vi overfører ikkje personopplysningar om våre ansatte til land utanfor EU/EØS. Vi brukar programmet Next som vårt CRM verktøy.
7 Rettigheiter
Du har rett til innsyn i og korrigering eller sletting av personopplysningar eller begrensning av behandlinga som gjeld deg sjølv, eller til å protestere mot behandlinga samt rett til dataportabilitet. Vidare kan du til ei kvar tid trekke tilbake eventuelle samtykke til behandling av dine personopplysningar.
Du har også rett til ikkje å være gjenstand for ei avgjerd som berre er basert på automatisert behandling som har rettsvirkning for, eller på tilsvarande måte i betydeleg grad, påverkar deg.
Spørsmål eller førespurnad om innsyn i opplysningar som er registrert om deg kan rettast til post@meklarhuset eller eventuelt per post til Meklarhuset Sogn AS Trolladalen 30, 6856 Sogndal.
Dersom du meinar at vi behandlar personopplysningar i strid med lovverket kan du rette en klage til Datatilsynet (post@datatilsynet.no).
8 Endringar
Dersom vi gjer endringar i denne personvernerklæringa, vil endringane bli publisert på denne nettsida 14 dagar før dei vert iverksett.